Historia til Acc Ørsta/Volda
Den 14. september 1982 var 13 amcarfrelste samla på Ose Camping i Ørsta. Også medlemmar i Veteranvognklubben var tilstades. Utav dette kom eit interimstyre som bestod av Formann Dag Kristiansen, Nestform. Ingmar Wangen, sekretær Arnhild Mork, Kasserar Ola Heltne, Styremedl. I Jon Arve Sporstøl, Styremedl. II Svein Henry Goksøyr, Forvaltar Åge Brudevoll og Geir Boska. Det blei straks søkt om medlemskap i ACCN og dei planla klubbens første treff til slutten av mai 1983. Medlemskapet dette året kosta kr 260,-.Det første medlemsmøtet var i januar 1983 på Norrøna Café i Ørsta. 30 personar var innbodne og 20 av desse møtte. Svein Henry Goksøyr vart valgt til treffleiar og treffet skulle gå av stabelen på Ose Camping. leif bugge kom oppover med sin nye "Funny Car" og dette var ein stor attraksjon den gangen. Frå protoklollen kan ein lese slikt som "Heidundrande Amcarshow på Sunnmørstreffet" frå Møre-Nytt, Dollarglis har vorte kultur o.l. Treffet vart besøkt av 2000 personar og 80 bilar stilte. "Vinnaren av Car of the show" prisen var Endre Bu frå Isfjorden med sin knallgule '73 mod. Chevy van. Dette positive treffet var det som danna grunnlaget for klubbdrifta vidare, og ikkje minst den positive responsen frå publikum. Utan dette er det ikkje sikkert at det hadde vorte nokon klubb vidare. Kvart år etter dette har vi forsøkt å gjere det enda betre, om vi har lukkast med dette må andre avgjere. På slutten av 1983 vart det nødvendig for klubben å finne eigne lokale for å kunne ekspandere. Fleire alternativ vart undersøkte, bl. a. eiga tomt ved flyplassen. Vi enda opp med det gamle "Pepsilageret" på Engeset i Ørsta der klubben held til idag. Etter omfattande renovering vart det innflytting i februar 1985. Dette året mottok også klubben støtte frå kommuna. Dette synest vi var ein positiv anerkjennelse. Det største teffet hittil var i 1987 på idrettsplassen i Hovdebygda, der vi i samarbeid med veteranvognklubben arrangerte bilutstilling og dragrace-oppvisning på flyplassen. Dette er noko som publikum huskar og vi blir stadig spurte om når vi skal arrangere noko sånt igjen. I samband med Sunnmørstreffet i 2003 og 2004 hadde vi Minidrag (50m) og autoslalom med stor suksess. Dette er vil vi prøve å gjere til eit fast innslag til treffet. Pr. idag er vi ca 45 medlemmar og aktiviteten er stigande. Vi held for tida på med ei renovering av lokala og det er jamt over bra oppmøte på tirsdagskveldane. |