Den 26-28 mai var det igjen klart for Sunnmørstreffet, det 24 i rekka.
Veirgudane var med oss i år også, sola skein fra blå himmel. Det var duka for ei flott treffhelg i Ørsta, noke det også viste seg å bli.
Etter cruisinga fredag og minidraget laurdag var det klart for Amerikansk aften på Viking Fjord Hotell laudagskvelden. Vi starta med ein skikkelig Amerikansk buffé med mykje god mat og drikke. Etter middagen samla folk seg for å sjå video av minidraget på storskjerm.
Seinare blei det stor stemning når rockabillybandet Wildcats kom på scena, dei spilte god gammel rock`n roll.
Søndag var det klart for utstilling med premiering og cruising i gatene før folk reiste heim.
Takk til alle som tok turen til Sunnmørstreffet og takk til dei som hjalp til med treffet.
Håper alle kjem tilbake den siste helga i mai neste år, da er det 25 års jubileum!
Stian Juliebø
Formann
NB: På linkane under er det meir bilder og info om treffet.
Mange av bilda kjem ikkje til sin rett når dei er so små, derfor har vi lagt dei ut i større format på ei eiga side, sjå her...
|