Foto: Trond Velle og Olav Rune Aaslid - Tekst: Roy Martin Rotevatn

 

So var det igjen duka for nok eit "Show-down" i Ørsta.
Det såg slett ikkje lovandes ut med tanke på veret, men me bestemte oss for å gjere eit forsøk. Trass i både krafitg regn, og ei og anna haglbyge på formiddagen, starta køyringa som planlagt kl.14.00. Det møtte fram 3-400 tilskodara, noko som er bra med tanke på ruskeveret.
Det var dårleg med førehandspåmeldingar, men det vart til slutt 20 bilar som deltok. Det vart køyrt to oppvarmingsheat, deretter gjekk det over på utslagsrundene.
Med våt asfalt viste det seg at det ikkje var den med mest motor som nødvendigvis hadde overtaket, men ein følsom høgrefot og bra start var det som skulle til og 4-hjulstrekk var ein fordel.
Når dei to største favorittane rauk ut, var det til slutt to BMW'ar att i finala, ein 89 modell 325i eigd av Sindre Åmås frå Ørsta og ein 2005 535d stv eigd av Kjetil Bernhoft frå Stryn.
Den flotte familiebilen med råsterk turbodiesel viste seg som den sterkaste av dei, og drog dermed i land sigeren.

Om kvelden var det party på klubblokalet, og kvelden vart avslutta på Rust.

 


Jonny Ervik i '72 Chevrolet Camaro var først ut.

Aleksander Urke, Sula, i sin '92 Audi S2

Pål Fivelstad, Ålesund, i '03 VW Passat Biodiesel

Simon Øye, Ørsta, i Lånt '87 Pontiac Firebird Trans Am

Vinnaren av årets Streetrace heiter Kjetil Bernhoft, kjem frå Stryn, og kjørere ein 2005 modell BMW 535d Touring

'98 Honda Civic, kjørt av Martin Rasmussen, Måløy.

Endå ein Civic. Ein '92 modell kjørt av Torfinn Arnesen, Syvde.

Odd Arne Kvalsvik, Fiskåbygd, '86 BMW 325IX

Aril Reiekvam, Naustdal, i ein 1986 Ford Sierra Cosworth.

Knut Åge Busengdal frå Volda i ein '69 Volvo 164

Finn Erik Eiken frå Ørsta i ein '97 BMW 520

Jan Christer Nerbøvik, Ørsta, i lånt '86 Audi 90

Ottar Hellebostad frå Sykkylven i ein Volvo 240 2,3 16v og turbo

Terje Vatne frå Ørsta i '88 BMW 325i

Sindre Åmås frå Ørsta blei nr 2 med denne '89 BMW 325i

'04 VW Golf R32, sjeldan bil på desse kantar, blei kjøyrd av Jimmy Nygård, Ålesund

Veldig fin '71 Chevrolet Camaro. Eigar og sjåfør er Oddgeir Sollid frå Stryn

Geir Ove Enerhaug frå Ålesund i ein '92 Volvo 240 Turbo Intercooler

Dyre 20" hjul var inga hindring for gode burnoutar!

Mykje røyk er alltid populært!
Jonny Ervik tok som vanlig godt i

John Andreas Hjellen i Mini hadde litt problem med å kjøre frå Jonny sin Camaro

23.09.07
American Car Club Ørsta/Volda