Under Sunnmørstreffet 2009 fikk vi endelig full klaff med været.
Vêrgudane var verkelig på vår side og baud på sol frå skyfri himmel heile helga, noko som gjorde dette til ei fantastisk flott treffhelg !!!
Fredag kveld var det allereie mange som cruisa rundt i Ørsta gatene, før vi etterkvart samla om lag 50 bilar for å kjøre på ei felles cruise runde rundt i distriktet omgitt av flott natur.
Seinare på kvelden rigga vi opp ein Drive In-movie, sjølv om det blei litt for lyst for å få gode filmforhold. Men la gå, kan ikkje klage på for fint vær heller…J
Laurdagen var det atter ein gong klart for Street Legal i Ørsta sentrum, her blei det som vanleg mykje brentdekk og action. Rekordmange publikumarar hadde møtt opp for å få med
seg løpet og det såg ut til at alle storkoste seg i det flotte været.
På kvelden var det klart for utandørs konsert og Rock n`Roll party på Rust. Og party blei det, med Stingray og The Carburetors på scena.
Søndagen var det bilutstilling og premiering av dei finaste bilane på treffplassen. Ca 150 bilar var innom portane, det var også mange besøkande som kom for å studere bilane som
stod og skein om kapp med sola!
Treffet blei som vanleg avslutta med cruising i Ørsta etter premieutdelinga.
Takk til alle som tok turen til Sunnmørstreffet og takk til dei som hjelpte til med treffet.
Håper alle kjem tilbake den siste helga i mai neste år, vi sjåast!
Mvh
Stian Juliebø
Formann |