Den 2. Februar 2005 reiste 4 medlemar
frå Acc Ørsta/Volda på Brentdekk tur til
California. Hovedformålet med turen var sjølvsagt å handle
bil og bildeler. Turen fikk ein litt dårlig start pga.
tekniske problem med eit fly, og vi måtte derfor overnatte
i London før turen gikk
vidare til L.A. Vi hadde dårlig tid i utgangspunktet
og med dette blei det nærmast krise.

Yngve, Dag og Stian på Heatrow.
Følelsen var god når vi
endelig fikk henta leigebilen på flyplassen i fleire og 20 grader.
Første dagen surra vi berre rundt og var veldig fornøgde med
tilværelsen. Stian hadde allereide avtale om å sjå på ein '73
Chevrolet Pickup i Long Beach, så vi sikta oss inn dit og fann
oss eit motell der.

Motel 8 i Long Beach.
Dag 2 - Fredag:
Det er no turen startar for alvor og vi gler
oss til å komme oss ut og handle. Vi kjørte først
innom California Shipping for å få prisar på frakt
og finne ut kor mykje vi kunne få inn i ein kontainer.

Diverse bilar på vei ut av USA. Frå parkeringa på California
Shipping.

Under ser du diverse bilar på vei
til Norge.


På veg til Vinstra.

På veg til Oslo.
(I Oslo no)

På veg til Oslo. (I Oslo no)

På veg til Oslo.
Når dette var gjort var det hjul som
stod på programmet og når vi hadde plotta adressene vi hadde
funne internett inn på navigasjonen var det enkelt å finne
fram. På andre hjulbutikken vi var innom fikk vi ein god følelse
og han lovte oss best pris nærmast uansett, så vi bestemte oss
tidlig for å handle her.

Få 15"ere å finne. Dei fleste felgane var 20" +.

Firmabilen til "Ziggy"
Etter eit par timar hos "Ziggy", som eigaren
av butikken kalte seg, dro vi innom andre felgbutikkar for å
finne ut om prisane vi hadde fått var bra, noko dei var. Etter
stengetid var det tid for bilhandel. Stian skulle prøve å finne
ein fin Camaro for Jon Andreas Hjellen og hadde diverse annonser
å ringe på. Den første han fikk svar hos hadde akkurat solgt
bilen, det viste seg å være en Camaro vi nettopp hadde studert
på California Shipping, no på vei til Danmark, men han hadde
ei Chevelle han skulle selge og det hørtest so interressant ut
at vi tok turen. Det blei blinktur. Dag likte bilen
så godt at han bestemte seg nærmast der og da. Det var egentlig
'58 Impala han var ute etter men det var umulig å få tak
i til normal pris.

Dag er veldig frista til å handle...
Og det gjorde han!
Fyren som skulle selge
Chevella dreiv eit Hotrod verksted og garasjene hans var
fulle med bilar i alle tilstander. Alt i frå nystarta prosjekt
til ferdige bilar. Å komme over eit slikt verksted er noko eg
har drømt om kvar gong eg har vore i USA, og dette var ein stor
opplevelse. Eg vandra rundt der i timesvis uten å bli leide.
Om du er på utkikk etter Chevelle, Camaro
eller andre musclebiler kan verkstedet her levere akkurat den
bilen du er ute etter. Vi garanterer at bilane er bra. Alt i
forstilling og bremser blir bytta, interiøret blir trekt om,
nye gummipakningar og du får den fargen du vil ha. Dei går også
over motor og gear, eller du kan få byggd en værstingmotor,
(dei har byggd motorar for race og gate i 20 år). Hørest
dette interressant ut? Ta kontakt med ein av oss: Olav
Rune Aaslid eller Stian
Juliebø

Denne skal bli ein av toppane i LA Roadstershow
våren 2005.
Den blir å sjå i bl.a. "Streetrodder" til våren - sommaren.


'55 Chevy Delivery

Smallblock chevy med to kompressorer og 1200 hk. Bilen var no
inne for
montering av 400 hesters lysgassanlegg!!! Du ser bilde av bilen
under (gul).

Etter at det var mørkt bar det avstad for å
kjøpe Pickup. Rundt midnatt fann vi bilen og etter en rask kikk
under ei mørk gatelykt var handelen gjort, og Stian fikk kjøre
egen bil på highway'en i Los Angeles.

Vi har vore på 7Eleven og kjøpt alt av annonsablad.

På motellet etter handelen.

Stian på vei ut om morgonen for å sjå kva han har kjøpt...
Dag 3 - Laurdag:
Første stopp laurdag var Classic Industries
for å handle Camarodeler. Eg hadde ei lang liste med alt frå
små klips til panser og støtfangerar. Dei hadde det meste av
det eg skulle ha og eg avtalte å hente delane over helga, sidan
Cal. ship var stengt. Kjedelig å kjøre rundt på eit panser heile
helga. Deretter gikk turen ti ein butikk med fleire Cheveller
og Camaroar som annonserer mykje på internett. Det var ein stor
skuffelse og ingen av bilane var verdt prisen. Dag blei meir
og meir sikker på Chevella vi først såg på. Det einaste artige
her var ein tulling som kjørte ned ein brannhydrant medan
vi var inne i butikken. Det var fontena si det!!! Litt arti var
det også å sjå kva skrot svenskane hadde kjøpt (i forhold til
den Dag kjøpte). Eit par av bilane der var nettopp solgt til
Sverige.

Slik ser det ut om du kjører på en brannhydrant!


Solgt til Sverige.
Heldigvis var PAW (Performance Automotive Warehouse)
rett bort i gata og der skulle pengane få bein å gå på igjen.
Både eg, Stian og Yngve hadde lange lister med deler vi skulle
handle her, og mykje blei det. Dei måtte ha ope ekstra lenge
på grunn av oss og eg trur dei var drit leide ta oss før vi var
ferdige, spesielt sidan det var laurdagskveld... Desverre vart
vi ikkje heilt ferdige og måtte opp igjen dagen etter.

Mykje snadder!!!


Meir snadder!!!
Dag 4 - Søndag:
Heldigvis er mange av butikkane opne også på
søndagar og vi hadde ikkje tid til kvile. Om morgonen kjørte
vi først til PAW og deretter til Ventura der NPD holder hus.
Her kjøpte eg det eg ikkje fikk tak i på Classic Industries pluss
komplett interiør til Sven Kenneth Nilsvik sin '66 Mustang.
Herifrå var veien kort til Santa Barbara så vi kjørte dit for
å treffe ein kjenning av Stian og kansje få være turistar for
ein kveld. Vi kjørte opp og ned hovedgata eit par gongar før
vi parkerte og fann oss ein resturant. Dette var midt i Superbowlkampen
så det var veldig bra stemning på uteplassane.
Dag 5 - Mandag:
Mandag morgen var det tilbake til "Ziggy" for å bekrefte bestillingane,
2 sett med offroadhjul, 18" Bosshjul til '57 Chevy pluss diverse
dekk. På ettermiddagen dro vi opp til Bob for å sjå på Chevella
i dagslys og Dag bestemte seg fort for å kjøpe den. Etter alle
dei dårlige bilane vi hadde sett på var han ikkje i tvil. Medan
Stian, Dag og Bob var i banken fikk eg og Yngve omvisning hos
naboen til Bob. Han er en anerkjent interiørbygger/syer og
veggane var fulle med utklipp frå blad av bilar han har
laga interiør til.


'61 Impala "Bubbletop".

Om kvelden var vi på Walmart for å handle litt
bilrekvisita, kle og amerikanske effektar som balltre, amerikansk
fotball og Stian var nær på å kjøpe seg "Jesse James" trø-chopper.

Trøchopper frå "West Coast Choppers"
Dag 6 - Tirsdag:
På vei mellom to delebutikkar stoppa vi hos
ein Fordforhandlar for å ta den nye Mustanger i nøyare auesyn.
Vi blei umiddelbart angripne av fleire selgarar, men fikk roa
dei ned ved å forelle om det norske avgiftsystemet. Selgaren
som følgde oss rundt trudde det ikkje heilt når vi sa at ein
GT ville komme på ca 100 000,- $ i Norge. Vi fikk prøvesitte
og "gasse" litt og bilen er uten tvil tøff, men skuffande kvalitet
på interiøret. Men med ein pris på 30 000,- $ (190 000,- kr)
for ein GT kan en vel godta litt hardplast. Vi fikk også tilbud
om å prøve den nye Mustangen, men det var en standardmodell med
v6 og det var ikkje særlig spennande.

2005 Mustang GT, 4.6l - 300 hk

En litt tøff V6, 4.0l - 210 hk. Hjula er
ikkje originale.

Tøfft interiør, men veldig mykje hardplast!
Dag 7 (Onsdag)
Sidan Stian har kjøpt seg '57
Chevy måtte vi
selvfølgelig innom Danchuk. Dei
har spesialisert seg på Classic Chevy (55-57) og Chevelle.
Dei hadde en Imponerande butikk, men kompetansen til dei ansatte
var heller laber, ikkje hadde
dei veldig mykje på lager heller.



Dag og Stian bladar i katalogar.

Yngve sjekkar
kontoen igjen...

Fortsettelse neste side...
Neste
Side>>