Siste dagen i LA hadde vi planar om å rusle rundt på Venice Beach
og sjå på livet,
men været minte oss veldig om heime. Det regna og bles heilt
forferdelig og der var
stort sett berre uteliggarar.
So lite folk trur eg aldri det he vore på Venice beach før...
Santa Monica Pier, kjent frå både film og tv seriar. Ikkje heilt det
samme i regnvær.
På veg heim igjen fikk vi ein dag i New York, ikkje akkurat nok til
å få sett so mykje
men ei stor oppleving likevel. Ingen av oss hadde vore i New York før
so vi starta
på Times Square. Det var vannvittig kaldt i forhold til LA så vi måtte
til å kjøpe meir
kle. Deretter gikk turen ned til Empire State Building for å få litt
god utsikt.
Støste Cadillac'en eg har sett!
Første timane på Manhattan blir til at ein ser meir oppover enn bortover...