Andreas Fiskå har vore ute å handla igjen.
Denne gongen er det ein low mileage Pontiac Firebird
1978 modell, 305 Chevy motor (California option) og automat.
Bilen er gått 22000 miles, og har vore eigd av ei 83 år gammal dame. Den gikk som bruksbil til 1980 då den blei parkert i garasje til 2008, då sonen tok den ut og skifta det som trengdest, før han kjørte over heile USA med den. Han eig eit digert limousinfirma, og dei ansatte der har pussa, polert og stelt bilen fint heile tida.
Bilen er ein "True survivor" med original lakk på alt anna enn bakfanger og spoiler i hekken, sidan desse var oppripa.
Ingen racebil akkurat, men ein fin cruiser.
|