Eigar: Egil Reite


Egil har også ein '57 Cacillac DeVille 4 dr ht som han har hatt i 15 år, men lysta på ein ponycar blei sterkare og sterkare, og tidlig i 2001 bestemte han seg for å leite etter ein '69 eller '70 Mustang Mach I. Helst skulle det være en 428 CobraJet men mindre motor var også interessant. Etter mykje leiting i alle blad dukka denne '70 Mach I opp i ei annonse i Power. Etter eit par telefonar var vi på veg til ei bygd sør for Borås. Bilen var akkurat slik eigaren hadde sagt. Matcing numbers, 351 cleveland 2v (no med 4 port, men original innsuget med 2 port forgassar følgde med) og 4 trinns manuell. Lakken var bra og interiøret var strøkent. Bilen var selt ny i Sverige og all dokumentasjon følgde med. Bilen var spesial bestillt med ein lys gul farge som ikkje var å få til Mustang, men lakka raud for lenge sidan. Den har også speedometer som viser km/t. Egil har no kjørt bilen i to sesongar utan eit feilslag og er veldig godt fornøgd med den sjølv om ønsket om en 428 CobraJet eller GT-500 ikkje har gitt seg.


70Mustang.jpg (140805 byte)

70Mustang_2.jpg (135480 byte)

70Mustang_3.jpg (147214 byte)

70Mustang_4.jpg (141864 byte)

Bilda over er tatt i Sverige hos den forrige eigaren.

110-1004_img.jpg (103962 byte)

Mach1.JPG (24503 byte)

Mach1_2.JPG (27022 byte)

100-0040_img.jpg (98705 byte)

Tekniske Data

Motor:

351 Cleveland 2v

Gear:

4 trinns manuell

Bakaksel:

9" m/sperre