Eigar: Frode Ryste

 

I forbindelse med at Frode Ryste hjelpte Kjell Snipsøy med ein bilhandel i USA kom han over denne '65 Chevrolet C-20 Fleetside LWB. Eigaren av Thunderbirden som Kjell kjøpte hadde også denne for salg. Det passa Frode godt med ein Pickup då han kunne legge diverse bildelar til andre bilar han har opp i kassa, blant anna baksete og interiørdetaljer til mercedesen (450 SL) samt teppesett til ein CJ7 han held på med. Som ein ser er pickupen utstyrt med ein solid høvelbenk og manuelt gir. 3 trinns manuell er vel ikkje det mest lettkjørte, og når girstanga kan brukast til flaggstong på 17 mai krev den nok litt tilvenning før ein er komfortabel, men det har heilt klart sin sjarm. I denne er det ikkje blutooth, satnav eller I-Drive so all konsentrasjon kan gå til å kjøre bilen. Bilen har tydeligvis vore gullfarga originalt men den kler denne fargen godt sammen med det gullfarga interiøret. Frode jobbar som selgar av Folkevogn og Audi til kvardags, men har heldigvis havna på rett hylle når det gjelder hobbybil.

 


16.02.08