
Eigar: Sven Kenneth Nilsvik
|
|
|
| Mustangen vart kjøpt ny av Olaf
Solvang den 27.06 1966 ved Halbruner & Hanson Ford inc, West Cape, New
Jersey. Bilen kom til Norge 29.07.68, då Solvang flytta heim til Ålesund.
Herr Solvang bytta inn Mustangen i ein ny Chrysler 2 Litre (Fransk) hos
Lars Lothe Bilforretning i 1977. Det var då far min kjøpte bilen og
eg var omlag 8 år. Den vart lakka turquoise metallic med skyggelakk på
sidene og fikk kvitt vinyltak. Slik gjekk Mustangen som familiebil året
rundt på mange turar. I 1983 vart bilen lakka kvit noko som var veldig inn
då. .... Eg fekk lappen i 1986 og tok umiddelbart over bilen. Det vart mykje cruising, vasking og ein og annan "kick down". Etter at eg reiste i militæret blei bilen mest ståande i garasja åra framover, men no er restaureringa i gang so smått. Mustangen står no i jigg (vridbar 360') og eg har no skrapa vekk all tectyl og anna understellsbehandling under, så no er den klar til rustsveising med nye original- plater. Skal deretter sandblåse bilen under for so å lakke den i originalfarge under + motorrom. Motor, gear, bakaksel, mellom-aksel og fostillingsdeler er ferdig overhalt med sine originale fargar og koder. Bilen blir restaurert til heilt original stand. |
| Tekniske data:
Motor: 6 cyl, 200 cid, 120 hp. |
Slik ser Mustangen ut i dag... kansje den
er på veiane igjen om eit par år?
Har du en kommentar eller eit spørsmål om Mustangen kan du sende han ein mail.