|
| |
Dei fleste har vel sett mafiabilen som har kjørt rundt i området her på fine solskinnsdagar. Lav, breid, svart, stor motor og nærmast lydlaus, dette var sikkert ein populær bil blant mafiaen i 1970. 429 cid med 360 hk og nærmare 600 nm gjer at Thunderbirden går bedre enn dei fleste vanlige bilar, og dette gjer den so kultivert og lydlaust at det er ei fryd. Med stor sofa framme og eit flott baksete med bue slik at ryggen nesten går rundt til sidene, alt sjølvsagt heilt strøkent, gjer dette til ein perfekt familie- hobbybil. Det er Kenneth Nilsvik som har fått tak i denne Thunderbirden som er i veldig god originalstand. Den er kjørt berre ca 38900 miles, er urestaurert og berre eit par delar på karosseriet er lakkert om igjen. Kenneth kjøpte bilen i Tomrefjord, etter timar på telefonen og snakka med dei fleste som veit noko om bil. Først var vi avgårde for å sjå på bilen i februar og eit par veker seinare kjøpte han bilen, og har nok ikkje angra eit sekund. Bilen var kjøpt ny i California og stod lagra i San Francisco i årevis før den forrige eigaren, Hans Petter Stenødegård, kjøpte den og importerte den til Norge i 2002. Han hadde no kjøpt seg ein Oldsmobile cab Indy Pacecar og ville bruke ledig tid på denne i staden. Bilen var som sagt i veldig god stand når han kjøpte den, men Kenneth har sjølvsagt gjort diverse småtteri etter at han kjøpte den. Ei maskinpolering med lakkrens, rubbing, maskinpolering og voksing er vel det som viser best. I tillegg har han bytte eit hjullager, og han fikk då sjå kor bra bilen er. Ingenting er rusta og alle skruar er blanke og i perfekt stand. Dei raude hageslangane i motorrommet er no bytta til svarte, ellers har han vaska og justert litt tenning og forgassar. Dette er fordelen med å kjøpe ein urørt originalbil i strøken stand, det er berre å sette seg inn i sofaen og tut og kjør!
|
|

Heile bakenden lyser i mørke og blinklysa vandrar frå midten og ut til sida. |

André tek siste finishen før fotoseansen. Ingen tilfeldigheiter hos
brødrene Nilsvik. Bilen blei utrulig blank... |

Blank svart lakk med sunnmørsfjella i solnedgangen som
speilar seg i laken er vel eit perfekt motiv |

Dette bildet er tatt første gongen vi å såg på bilen.
Det var i Februar og heldigvis bart på vegane. |

Thunderbirden tek seg bra ut frå alle vinklar. |

Garasja var ikkje større enn som trengs... |

Her er 2-3 veker seinare når Kenneth var tilbake å kjøpte bilen.
Til venstre den forrige eigaren, Hans Petter Stenødegård frå Tomrefjord.
|

Som ein ser er Thunderbirden veldig fin i karosseriet, ingen bulkar eller rukker
som ein ofte får på gamle bilar med so store karosseriflater. |
|

Den spisse snuten gjer at det er vanskelig å beregne avstand framover.
Mange av desse er småbulkete i spissen og dette gjorde at det var
ekstra
forsikringspremie på desse når dei var nye. |

Interiøret er heilt strøkent, og mykje av det ser heilt ubrukt ut. |

Den har blant anna el vidu og el seter. |

Sjekk det baksetet, utrulig mange fine detaljar. |

Store solide dører med eit fint klikk når ein lukker dei. Ikkje noko slark eller skrangling. |

Kvit og raude lys i dørene. |

Thunderbirden! |

Fint origialt motorrom. Dei raude slangane er bytta til svarte. |

429 cid Thunderjet 4V, 360 hk. |

Lappane med optionkoder er der dei skal.
|

Dette er ikkje kapslane som satt på bilen frå den var ny. Den forrige eigaren
kjøpte desse på Ebay, sikkelige spilekapslar i stål, ikkje noke plastikdrit nei...
Dette er optionkapslar for '70 Thunderbird. Dei originale er flate og meir kjedelige. |
|

Som sagt er interiøret i Thunderbirden utrulig velholdt.
Eigarane av bilen har vore av den forsiktige typen. |

På armlenet på venstresida er der knappar for speil, vindua og sentrallåsen. |

Blankaste bilen i bygda! |
|
1970 Ford Thunderbird
Eigar: Sven Kenneth Nilsvik |
Tekniske data:
Motor: 429 cid Thunderjet 4V, 360 hk
Gear: C6 automat
Bakaksel: 9"
Utstyr: El. vindu, el. seter, aircondition, fjernopning av bagasjeromslokk, innvendig justering av speil.
Anna: Bilen blei importert frå California til Norge
av
forrige eigaren i 2002 der den hadde stått
lagra
i
fleire år.
Kenneth kjøpte den i Mars 2007.
|
|
Tekst og Foto: Olav Rune Aaslid
|
|