Motor: 350 cid "Rocket" 4 barrel, 260 hp.
Gear: TH 350
Bakaksel: 10 bolt
Historie: Bilen kom til Norge i 2003 og har
berre ein tidlegare eigar i USA. Ole Martin er første
eigar i Norge (utanom han som importert den). Når han kjøpte
den var bilen kvit, men ellers i god original stand. Ole Martin
likte ikkje den kvite fargen og bestemte seg fort for å få den
tilbake til den originale grønfargen. Etter å ha
brukt vinteren på finisharbeid
og litt småreperasjonar blei bilen slipt ned før
Ole Johnny Bratteberg lakka den. For å gjere den litt friskare
bestemte Ole Martin seg for å lakke svarte striper over
panser og bagasjerom, noko som gjorde seg veldig bra. Når
han kjøpte bilen stod det standard
platefelgar på den men Rune Barstad hadde eit sett med "Rally
Wheels" som Ole Martin fikk kjøpe, og etter sandblåsing
og pulverlakking blei dei veldig bra. Dette gjer seg også veldig
bra på bilen.
Olds'en er no Ole Martin sin bruksbil, så sant det ikkje
er snø
på veiane og den fungerer heilt perfekt. Han har tectylert
den fleire lag i alle krokar så ikkje overgongen frå tørre
California til våte sunnmørsvegar skal bli for stor. |