Som dei fleste kansje har fått med seg har Rune fått lakka
opp igjen Monte Carloen og det var vel no på tide at internettsida
også fikk ei lita fornying.
Rune kjøpte bilen på Gotland i Juli 2002 av ein musikar som kjøpte
bilen nesten ny. Han trengte ein bil med stor motor for å kjøre
rundt i Sverige og Norge med tilhengar, og kva er vel då bedre
enn Chevrolet med big block... Når Rune kjøpte den hadde den
nesten ikkje blitt brukt siste åra, men bilen var likevel i veldig
god teknisk stand. Det einaste som var dårlig var eksosanlegget.
Rune har siste åra gjort ein del for å gjere Monte Carlo'en enda
bedre, og etter at det meste av eksosanlegget var nytt og Rallywheels
var montert var det motoren sin tur. Eit kamkit frå Comp Cams
som inneholdt kam, løftere, tettningar, retainere, fjører og
register blei bestill frå USA i tillegg til eit Edelbrock Performer
innsug og ein Edelbrock 750 cfm forgassar. Rune var vel ikkje
heilt fornøgd med effekta med det samme, men etter at headers
var montert og resten av eksosanlegget var bytta blei alt som
forventa. No går den slik en 402 cid Chevy big block skal gå.
Når alt det tekniske var ok var det i år lakken sin tur. Rune
gjorde grovarbeidet, d.v.s demontering og litt av nedpussinga
før Ole Johnny Bratteberg tok over. Han tok det lisje som var
av rust og sparkla diverse småbulkar før han lakka den i ein
grønfarge som liknar på originalfargen, men er litt friskare.
Rune lurer no på å selge bilen så er du interressert kan du ringe
han på tlf. 915 81989. |