Andreas har bytt vekk '70 Cuda'en i ei 1976 Corvetta. Bilen er heilt original og uskrudd og har en L-48 350 cid motor med 180 hk, automat og skinn interiør.
Når John Andreas var i California i vår kjøpte han denne '68 Camaroen i tillegg til ei Chevelle som han har selt. Det er ein Camaro RS, dvs. skjulte lykter, diverse lister, ryggelys under støtfangaren bak, ekstra instrument på konsollen m.m. Motoren er ein smallblock med kompressor og to doble forgassarar. Lakken var ikkje heilt bra på bilen so planen er å lakke den svart i vinter.

Andreas har havna på Moparkjøret. dette e tredje bilen i år, men denne har endå ikkje forlatt USA. Han kjøpte bilen i Sacramento, California og har ny lakk, nytt interiør, 318cid/904 aut, 8 3/4 bakasel med 3.23 utveksling. Fargen er Orginal Citron Yella High impact.

Andreas Fiskå har kjøpt seg ein Challenger. Denne gong er det ein 71 modell frå USA. Den har ein frisk nyoverhalt 340 cid small block med mykje gode delar og 727 automat. Fargen er Plum Crazy med svart vinyltak. Challengeren skal bli ein R/T clone er planen.
Her er Barracuda'en Andreas har importert frå USA. Den treng ei komplett restaurering og i følge Andreas var den originalt Plum Crazy og skal bli det igjen. Planen er Cudaclone med eksosen (Flowmaster super 44) ut i bakplata m.m.

 

Vi har innført røykeforbud på lokalet vårt, MEN...