Sunnmørstreffet 2004 gikk av stabelen 29-30. Mai ved Ørsta Ungdomskule. Laurdag var det Minidrag og 21 bilar stilte til start. Vi var mildt sagt heldige med været. Sola skinte frå skyfri himmel og nærmare 1500 publikumarar møtte og vi trur ingen blei skuffa. Røyken låg tett over området i fleire timar. Dei som overaska mest var vel dei tre pickup'ane med STORE dieselmotorar som i tillegg var trimma ganske hardt. Nærmare 500 hk gikk det rykter om. Dessverre var asfalten i glattaste laget slik at bilar med fire-hjulstrekk hadde ein kjempefordel på denne korte bana. Vinnaren av Minidrag 2004 vart til slutt Sverre Undertun frå Skodje i sin 2000 Ford F-350, 7.3 diesel, 4x4.




Her er eit par av burnout'ane til vinnaren Sverre Undertun

Under ser du bilder av andre deltakarar av Minidrag'et


Jonny Ervik i sin 83 Camaro





Sverre Ola Rotevatn i sin Pontiac Firebird


Det fine været heldt fram søndag og det var då ustilling på samme området vi hadde Minidrag. Ca 100 bilar kom til treffet, litt i underkant av kva vi håpa på, men det blei eit bra treff likevel.

Vinnarar på Sunnmørstreffet 2004:

Minidrag 60 meter: Ford F-350, Sverre Undertun
Beste Burnout: 1979 Pontiac Trans Am, Ingar Hagen

Før 50 tall: 1947 Buick Roadmaster, Anniken og Arne Hafsås
50 tall: 1959 Chevrolet Impala Conv., Bjarne Løken
60 tall: 1961 Chrysler New Yorker, Ola Heltne
70 tall: 1972 Chevrolet Corvette 454 Conv., Reidun Nyheim
80 tall: 1987 Chevrolet Corvette Conv., Frode Pilskog
90 tall: 1995 Chevrolet Camaro Z28, Steinar Lyse
2000 og nyare: 2002 Chevrolet Camaro "Hot Rod Test car", News Garage
Beste Van: 2003 Chevrolet Starcraft GT, Møre Design
Beste Truck: 2003 Chevrolet Suburban, Frode Pilskog
Beste modifiserte: 1929 Ford A 5 Window Coupe, Inge Nybø
Beste Lakk: 1968 Mercury Cougar, Jan Ove Engkrog
Beste Motorrom: 1968 Mercury Cougar, Jan Ove Engkrog
Car of the show: 1968 Mercury Cougar, Jan Ove Engkrog



2002 Chevrolet Camaro "Hot Rod Edition" By Berger
Phase II 435 hp - 400 lb/ft
Eigar: News Garage





Til høgre Corvetta som vant beste 70 tall


Fint interiør i Ole Anton Brekke sin '56 Ford Thunderbird


'47 Buick Roadmaster, vinnar av prisen for beste "før 50 tall"


'57 Cadillac Coupe DeVille



'58 Cadillac Sixty Special

 

Sponsorar:

Ørsta Bil AS
Bil og Gummiservice as
Bilekstra
Autoservice as
Bøstrand Transport as
Tess Møre