Sunnmørstreffet 2003 var ein kjempesuksess. Vi gjekk tidleg ut og annonserte med både minidrag og autoslalom, men når treffet nærma seg såg det mørkt ut ei stund. Det var diverse ting som ikkje gjekk heilt vår vei, men alt ordna seg til slutt og det blei både minidrag og autoslalom på laurdagen. Det kom mykje folk og det hørtes ut som om alle likte det dei fikk sjå og høyre. Ca 20 bilar, alle amerikanske, stilte til start i minidrag konkurransen. Det var stor variasjon i bilane som stilte opp, nytt og gammalt, stort og lite, liten og stor motor. Kven som skulle vinne konkurransen viste seg veldig tidleg. Ei sølvfarga '69 Corvette med eigar Yngve Bøstrand gjekk veldig godt og slo alle han kjørte mot med opp til eit par billengder. Kjetil Olsen med sin tilsynelatande ordinære Chevrolet Malibu viste tidleg gode tendensar når det gjaldt burning, og vann også pris for beste burnout. Eg trur mange blei overraska over kor godt denne bilen gjekk. Etter at minidrag var avslutta var autoslalom. Her fikk kven som ville stille opp og det blei flest ikkje amerikanske bilar. Bana var satt opp veldig enkelt og det gjorde at det skilde veldig lite mellom dei erfarne og nybegynnarane. Det var mange som meldte seg på og ville prøve, og dei fleste begynte litt dårlig og kjørte betre og betre. Rune Lid vann denne konkurransa med eit halvt sekund framfor nummer to. Deretter følgde mange som var eit sekund bak. Vi må forøvrig takke Rune for hjelp med å sette opp løypa og lån av kjegler.

Søndag var det treff og det var i år flytta til ungdomskulen, og været var heldigvis perfekt. Vi hadde ca 100 bilar innanfor og mykje publikum som såg ut til å trivest. Grillen gjekk for fullt heile helga så det gjekk med ein del kasser med hamburgarar og pølser.

Bilder og video frå treffet