6. Juli var det Powermeet i Fredrikstad igjen, og som vanlig var området fullt, været var topp, og standarden på bilane var veldig bra. Treffet har alltid ein god mix av bilar og det er passelig stort slik at ein ikkje går lei i løpet av dagen. Vinnaren av Car of the Show blei ein Buick Roadmaster 75 som eigaren akkurat hadde fått heimigjen frå USA. Han hadde kjøpt den i Georgia og fått den restaurert i Arizona. Bilen var vanvittig bra og fortjente absolutt å vinne. Ellers var det mest muskelbilar som kjørte fram til bedømming, og eg trur dommarane hadde problem med å velge ut vinnarar blant so mange veldig fint restaurerte bilar. |