
Laurdag 17. Juni var gjengen i Svelgen klar med nytt helgetreff. 8 bilar frå klubben vår kjørte i lag nedover på laurdagsmorgonen og 7-8 kom seinare utover dagen slik at der totalt var ca 15 herifrå. Været såg ikkje ut til å bli so bra som det har vore åra før, men vi håpte det ordna seg når vi næra oss, det gjorde det ikkje. Skodda låg tjukk over Svelgen og det regna til tider kraftig. Dette la ingen dempar på dei som var oppe i offroadløypa og det vart mykje heftig kjøring. Det så ei stond ut til at minidraget skulle regne vekk, men opphald ei stond utover ettermiddagen gjorde at det tørka opp sånn passe. Heilt like forhold blei det nok ikkje, men nok til at underhaldninga var god. I finala var det Corvette mot Corvette og Yngve Bøstrand tapte her mot Harry Harbakk i ei svart Corvette cab frå Vik i Sogn(Mistenker at dårlig grep avgjorde finala). Beste burout var det Stian Juliebø i '57 Chevy som vant knepent framfor Sverre Ola Rotevatn i '70 Pontiac Firebird, begge frå Acc Ørsta/Volda (BRENTDEKK RULES!). Etter minidraget so var d å hive seg i drikkinga.... dei hadde saloon med servering og musikk og greier og sjølv om været var elendig var stemninga god. Søndag var det treff og i løpet av helga var nærmare 100 bilar innom treffet og 3 Vanklubbar frå Bergen møtte og dei kom med ca 20 Vanar. Sjølv om været var elendig var det alt i alt eit vellykka treff, og vi kjem igjen neste gong! |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
|