Tekst og foto: Sverre Ola Rotevatn

 

Den 11-13 juni var det igjen treff i Svelgen. Laurdag var det offroad kjøring i ”kupa” og motorshow - minidrag på parkeringsplassen ved treffområdet - og til slutt dans om kvelden. Offroad kjøringa var til tider svært underhaldande, med eit høgdepunkt då Svelgen Amcarklubb sin ”offroadbil”, hamna på taket! Minidrag og motorshowet etterpå var også ganske bra og etter 4-5 finaleomgangar pga dødt løp, vann til slutt Frode Pilskog i sin Suburban. Motorshowet blei litt kort då den eine bilen var testa i hjel, og ikkje kunne kjøre for eiga maskin, men bilane var som vanleg kreativt dekorerte. Det vart og litt ”børne” oppvisning, med ei Corvette, ein Harley og ei Chevelle. Søndag var det utstilling, med litt lite bilar, sannsynlegvis fordi været virka litt utrygt. Diverre var de elendig med folk heimanifrå, vi var berre 2 stk frå klubben som hadde tatt turen, noko som må kallast mildt sagt dårleg, SKJÆRP DÅKKE FOLKENS!!!
Det er alltid kjekt i Svelgen, og det var ikkje noko unntak denne gongen.